Etiketter

13.02.2013

Lue og hals

Mange flotte julegåver under treet i år og. Tante Liv har strikka til Karianne, kjempefin lue og hals.



Like fin på tur som i byen

 Mønsteret finn du på Drops-design
Det er og skjerf og votter i samme mønster

Garn: Eskimo 

07.01.2013

Tunika

Eg har ikkje strikka på fleire år. Rett før jul (2012) impulsshoppa eg garn hos Husfliden. Ein lang juleferie med berre handarbeidande familiemedlemmar og potensielt dårleg ver var grunn god nok til å teste om strikkinga framleis sat i fingrane.

Garn.
Grått og lilla til tunika, det raudte til mamma og potensielt tova vottar.

Det var veldig mykje rett fram glattstrikk i grått. I overkant mykje. Men fordelen var at eg kunne strikke meg gjennom både familieselskap og TV-program. Målet var å forbruke eit nyste med grått garn per dag. Så eg vart ferdig med bolen i jula. Det går jo ikkje an å stoppe når ein nærmar seg sjølve artigheita: mønsteret!  

Alt etter planen..

Godt år! Eg heldt fram der det gamle slutta, med strikking. Mønster og felling gjekk greit. Slik rundfelling er veldig lurt, lett og gjer at det er eit minimum av montering til slutt. Det kan eg like. Spenninga låg i om produktet passa strikkaren.

Ein liten tjuvtest - tunikaen passa! Då måtte det festast trådar og monterast i ein fei.

Slik vart sjølve tunikaen.

Kanskje ikkje heilt komfortabel som modell..

Men dette vert truleg antrekket på jobb til veka. Eg skal eksperimentere med tilbehør, men trur både grå tights, dongeri og kvit skjorte inni er nokre bra alternativ.

Fornøgd strikkar med ny tunika!

Første strikkeprosjekt på 15 år gjennomført. No er eg i siget, så det vert nok fleire prosjekt.

Garn:
Pt5 Sport (Rauma garn), 8 nyste i farge 507 (grå) og eit nyste i farge 563 (lilla), Husfliden.

Oppskrift:
Pt design - mønsterhefte nr 102 (Husfliden).
Eg har og sett mønsteret i ei av strikkebøkene til mamma.

Vrangbord og kanten nederst på pinne 2,5. Resten av bolen på pinne 3,5. "Armane" på pinne 3 (min variant).

Kostnad:
Mønsterhefte: kr 65,-
Garn: kr 342,-
2 stk rundpinne: kr 86,-
Totalt: kr 493,-

Vedlikehald:
Maskinvask ullprogram med Milo, maks 40 grader. Dampstryking på maks middels varme

06.01.2013

Tova vottar

Start med: Eit behov, ei entusiastisk mor, råd frå Husfliden og juleferie.

Behovet er altså skikkelege varme vottar. Problemet med strikkevottar er ofte at dei er for store i sjølve handflata, tommelen er på heilt feil plass og dei er alt for korte i handleddet.

Difor gjekk vi vekk frå oppskriftene og testa sjølv.

Prøvelappar før toving: Strikk med dobbelt garn til venstre, enkelt garn til høgre.

Prøvelappane krympa mindre enn vi trudde, og mindre på bredda enn på høgda. Det vart finast med dobbelt garn. Mamma dreiv hard berekning av masketal. Vi diskuterte og prøvde vottane på hendene undervegs, og tenkte praktisk bruk framfor estetikk heile vegen.

Vottane før toving (Foto: Mamma)

Vottane vart kanonfine. Det er framleis rom for å tove dei litt meir, men eg vil bruke dei på nokre turar og sjå om ikkje det ordnar seg sjølv. Passformen vart perfekt. 

Ferdige vottar med mammas logo. Klar for bruk!

Innlegget vert oppdatert med brukserfaringar gjennom vinteren. 
Takk til Mamma for strikking og tenking undervegs!

Garn:
Pt2 frå Rauma Garn, farge 62, parti 1271 (Husfliden)
Det gjekk med såvidt meir enn 2 nyste. Det var att 45 g garn av 50 grams nyste.

Oppskrift:
Pinne nr 4. Dobbelt garn. Legg opp 46 masker (m) og strikk att og fram til 6 riller.
Fordel på 4 pinnar, strikk rundt, 4 omgangar (omg) rettstrikk (r).
Fell 2 m (på start og slutt av omg, sjå også bilde 2). 
Fell 2 m kvar 3. omg til det er att 36 masker.
Strikk 6 cm rettstrikk.
Auk med 1 m på kvar pinne. Strikk 5 cm.
Sett av 9 m på tråd til tommel. Strikk 10 cm rettstrikk vidare.
Fell vottefelling (spiss).
Plukk opp 20 m til tommel. Strikk 6 cm. Fell tommelfelling.

Toving:
Vaskemaskin 40 grader.

Kostnad:
Kr 105,- (3 nyste a 35,-)

Vedlikehald:
Vask med Milo, handvask, dampstryking på maks middels varme