Start med: Eit behov, ei entusiastisk mor, råd frå Husfliden og juleferie.
Behovet er altså skikkelege varme vottar. Problemet med strikkevottar er ofte at dei er for store i sjølve handflata, tommelen er på heilt feil plass og dei er alt for korte i handleddet.
Difor gjekk vi vekk frå oppskriftene og testa sjølv.
Prøvelappar før toving: Strikk med dobbelt garn til venstre, enkelt garn til høgre.
Prøvelappane krympa mindre enn vi trudde, og mindre på bredda enn på høgda. Det vart finast med dobbelt garn. Mamma dreiv hard berekning av masketal. Vi diskuterte og prøvde vottane på hendene undervegs, og tenkte praktisk bruk framfor estetikk heile vegen.
Vottane før toving (Foto: Mamma)
Vottane vart kanonfine. Det er framleis rom for å tove dei litt meir, men eg vil bruke dei på nokre turar og sjå om ikkje det ordnar seg sjølv. Passformen vart perfekt.
Ferdige vottar med mammas logo. Klar for bruk!
Innlegget vert oppdatert med brukserfaringar gjennom vinteren.
Takk til Mamma for strikking og tenking undervegs!
Garn:
Pt2 frå Rauma Garn, farge 62, parti 1271 (Husfliden)
Det gjekk med såvidt meir enn 2 nyste. Det var att 45 g garn av 50 grams nyste.
Oppskrift:
Pinne nr 4. Dobbelt garn. Legg opp 46 masker (m) og strikk att og fram til 6 riller.
Fordel på 4 pinnar, strikk rundt, 4 omgangar (omg) rettstrikk (r).
Fell 2 m (på start og slutt av omg, sjå også bilde 2).
Fell 2 m kvar 3. omg til det er att 36 masker.
Strikk 6 cm rettstrikk.
Auk med 1 m på kvar pinne. Strikk 5 cm.
Sett av 9 m på tråd til tommel. Strikk 10 cm rettstrikk vidare.
Fell vottefelling (spiss).
Plukk opp 20 m til tommel. Strikk 6 cm. Fell tommelfelling.
Toving:
Vaskemaskin 40 grader.
Kostnad:
Kr 105,- (3 nyste a 35,-)
Vedlikehald:
Vask med Milo, handvask, dampstryking på maks middels varme
Glimrande..! No som er med i "Sjyvottforeninga" ser eg behovet for fleire tovavottar. Sidan eg ikkje er ven med steikkepinnane; Kan du og mor di utarbeide ei vottemønster for hekling også? :-D
SvarSlettKristin