Garn.
Grått og lilla til tunika, det raudte til mamma og potensielt tova vottar.
Det var veldig mykje rett fram glattstrikk i grått. I overkant mykje. Men fordelen var at eg kunne strikke meg gjennom både familieselskap og TV-program. Målet var å forbruke eit nyste med grått garn per dag. Så eg vart ferdig med bolen i jula. Det går jo ikkje an å stoppe når ein nærmar seg sjølve artigheita: mønsteret!
Alt etter planen..
Godt år! Eg heldt fram der det gamle slutta, med strikking. Mønster og felling gjekk greit. Slik rundfelling er veldig lurt, lett og gjer at det er eit minimum av montering til slutt. Det kan eg like. Spenninga låg i om produktet passa strikkaren.
Ein liten tjuvtest - tunikaen passa! Då måtte det festast trådar og monterast i ein fei.
Slik vart sjølve tunikaen.
Kanskje ikkje heilt komfortabel som modell..
Men dette vert truleg antrekket på jobb til veka. Eg skal eksperimentere med tilbehør, men trur både grå tights, dongeri og kvit skjorte inni er nokre bra alternativ.
Fornøgd strikkar med ny tunika!
Første strikkeprosjekt på 15 år gjennomført. No er eg i siget, så det vert nok fleire prosjekt.
Garn:
Pt5 Sport (Rauma garn), 8 nyste i farge 507 (grå) og eit nyste i farge 563 (lilla), Husfliden.
Oppskrift:
Pt design - mønsterhefte nr 102 (Husfliden).
Eg har og sett mønsteret i ei av strikkebøkene til mamma.
Vrangbord og kanten nederst på pinne 2,5. Resten av bolen på pinne 3,5. "Armane" på pinne 3 (min variant).
Kostnad:
Mønsterhefte: kr 65,-
Garn: kr 342,-
2 stk rundpinne: kr 86,-
Totalt: kr 493,-
Vedlikehald:
Maskinvask ullprogram med Milo, maks 40 grader. Dampstryking på maks middels varme